torsdag 2. juli 2009

N.Y. state of mind

The city never sleeps, full of villians and creeps // That's where I learned to do my hustle had to scuffle with freaks // I'ma addict for sneakers, twenties of buddah and bitches with beepers // In the streets I can greet ya, about blunts I teach ya // Inhale deep like the words of my breath // I never sleep, cause sleep is the cousin of death // I lay puzzle as I backtrack to earlier times // Nothing's equivalent, to the new york state of mind

I dag flytta vi frå det vi trodde var skumle Harlem, til det vi trodde var litt mindre skumle Brooklyn. Magnus tok han heilt ut i går (igjen...), mens eg tok ein powernap som varte frå 9 om kvelden til sola sto opp.

Etter utsjekking skulle vi vandre gatelangs, eg megasulten med 25 kilo på slep og 10 på ryggen. Akkurat då eg var på nippet til å bli skikkeleg gretten, fann vi ein matvarebutikk. Ein kjapp lønsj i sentralparken, før vi tok L-toget over til Brooklyn.

Lunsj i parken

Williamsburg, der er det hipt og kult, leste vi. Vi gikk av stoppet, og blei lettare sjokka. Her ute var ikkje bygningane så høge, trea ikkje så grønne og atmosfæren ikkje så snill. Her ute hadde dei tagging på veggane og gitter på vindaugene og sylskarp piggtråd på toppen av gjerdene.

Fyrst var det berre tomme gater, men snart såg vi gjengar på hjørnene, alle med store kvite t-skjorter, store bukser og fatle på hovudet (eg turde ikkje å ta fram kameraet). Vi prøvde å le det vekk, haha, litt vel nervøst, før vi fyrte opp under kvarandre sine skrekkscenario og kom fram til sannsyn for å overleve opphaldet vårt her: ca 47,2%. Vi fann ein kafé, kjøpte sjokolademilkshake for å roe nervene, og gjekk ut igjen kvalme, men like redde. Vi fortsatte å vandre, på jakt etter noko hipt, kult og trygt. Ei småbekymra dame sendte oss i retning Manhattan med eit lite betryggande "good luck!". Vi vandra videre, motet mitt steig då eg såg nokre politibilar og ein ballongbutikk.

Plutseleg vart vi omringa av jødar. Sånne i svart og kvitt med skrukorkkrøller ved øyrene. Dette var den hippe og kule delen av Williamsburg, sa ei jødedame. Alt vi såg var butikkar med stygge sko og masse, massse erkejødar.

Så dro vi på baseballkamp. Sprø dag.

2 kommentarer:

  1. Tror det er lurt å komme på godsida av dem med de lange hvite t-sjortene. For eksempel, rop "Five-O, Five-O", hvis det kommer en politibil rundt hjørnet. Dere vet jo hvordan man snakker til de. "Yo, my nigga", og "Fuck påolice"

    SvarSlett
  2. prøv å unngå å sei nåkke om mødrene deira.

    SvarSlett