torsdag 2. juli 2009

jan egil har fått seg nye sko

I går var vi på toppen av steinen (Top of The Rock (toppen av Rockefeller Center)), sjekka ut Ground Zero (der var det null og niks), tusla langs heilt nederst på Manhattan, tok Staten Island Ferry (gratis og orange) også hang vi ut med dei homfile i Greenwich Willage. Her er gårsdagens tjukkas:





Dame med kamera spør om ho skal ta bilete av oss på toppen av Rock, vi berre "naaa, but how tall is this building?", ho berre "weeeell, I don't know, but I know that from the top it's 800 feet to the ground". (Gårsdagens smarting)




Dag Eirik skulle betale to 6-dollarspils med ein 50-lapp. Jenta bak disken snur seg til den andre jenta bak disken. "How much is 50 minus 12?" Den andre jenta, "naaaa, let me see. I don't know!". Hjelpsomme Dag Eirik berre "weeeell, it's 38 dollars". Jenta ser skeptisk på han, gjer litt hoderekning, før ho nikkar, "yeah, I guess it is". (Forgårsdagens smarting)

Her tek vi det med ro på Times Square:









Her har vi bodd så langt:



I dag reiser vi vekk frå skumle Harlem vidare til litt skumle Brooklyn.


1 kommentar: