mandag 10. august 2009

treminuttarsfilmfestivalen

Kortfilmfestival sto det i gratisavisa, kjempekorte filmar faktisk, faktisk bare tre minuttar lange. Kjole og kvitt sto det òg, eller "black tie" som dei kallar det her. Me spurte mannen i døra om billettar fleire timar før, han sa det var viktig at me stasa oss opp, då det kom til å vere paparazziar der. Oi, tenkte me, gjekk inn på næraste bruktsjappe og kjøpte kvit skjorte og svart slips til Jan Egil. Eg hadde ei fisefin blå skjorte og eit stripete slips og tenkte det fekk halde. Begge hadde svarte dongeribukser, eg hadde svarte converse og cardigan, Jan hadde finsko og -jakke. Ganske bra, syns me, og gjekk til filmfestival.

Joda, raud løpar og paparazzi venta då me kom, men det var ein ironisk raud løpar, og ironiske paparazziar. Megahipt, kult og morosamt, med andre ord. Me fekk namneskilt med kjendisar på, Jan blei Bill Murray og eg blei Fred Astaire. Me betalte oss ikkje inn, men donerte ein sum mellom 5 og 20 daler. Foreslått donasjon for ein boks øl var 3. Me donerte ein god del pengar. Filmane var korte, som lova, og stort sett ganske dårlege. Noko var artig, ein god del var pretensiøst og ca eit par av dei 30 filmane var gode. Det heile minna stygt om noko me kunne ha gjort på Media og Kommunikasjon (vidaregåande skule). Etter å ha donert litt for mykje pengar til øldama, fann me ei anna dame som skreiv dikt på sparket. Jan Egil fekk ho til å skrive eit dikt til meg, noko som virka farleg romantisk.



Me hang ut med "filmkunstnerar" som tok seg sjølv ganske så alvorleg, på bakrom med gratis champagne, ost, kjeks og selleri. Etter kvart kåra dei ein vinnar, folk gjekk til andre plassar som tok betalt for øl på gamlemåten, me hang oss på, og så hugsar eg ikkje stort meir, men eg vakna opp med Jesus H. Christ på rompa.


Kan hende kjem det bilete av oss på http://www.threeminutefilmfestivalsf.com/


EXTRAblog:
Bonusquiz: Kva bygg er dette? (Me veit ikkje, så bevis er bra.)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar