fredag 7. august 2009

reisefeber

Plutseleg var vi berre to. Glenn Kristian, Magnus og Dag Eirik har stått opp tidlig, pakka for livet, shoppa opp sine siste daler, tatt shuttlebussen ut til flyplassen og svusj, så var dei borte. Merkeleg nok er reisefeber smittsomt, så då eg og Jan praia ein taxi følte eg at eg var på veg bort. Eg har tatt meg sjølv i å glede meg til å ete på Naboen igjen, kjenne regnet og den friske lufta, gå med allværsjakke - alle dei fine tinga med Bergen. Det er fremdeles ganske lenge til.

No er det eg og Jan Egil igjen. Vi har tatt inn på eit anna hostel. Her er det kjempefint, med masse kleshengerar. Eg har hengt opp alle kleda mine, sjølv om vi berre skal vere her i to netter. Kontrasten til eit rom utan ein einaste hengar med fem nordmenn på shoppingkjøret er enorm.

Takk for følget, Dag, Magnus og Glenn. Kjekt de ville bli med på tur i USA. No skal eg og Jan kose oss på museum, utan det jækla maset dykkar. Snakkast til jul!

1 kommentar:

  1. kor ska me dra neste gång? safari i afrika hørres kult ut.

    SvarSlett