søndag 12. juli 2009

å køyre bil

På vegen. On the road. På kjøret. Vegen går snorbeint framover i hundrevis av miles, eg har ikkje rørt gassen på ein time. Og ikkje bremsene. Cruisekontrollen har tatt kommandoen, eg berre lener meg tilbake, kviler to fingrar lett på rattet, let bilen flyte gjennom tørt, gult arizonalandskap. 65 miles i timen betyr 72, eg bryter grensa akkurat så mykje som eg trur går an for ein amerikanar, med det norske turistslingringsmonnet er eg godt innafor. Eg har sett pistolar og lommelykter før, eg let meg ikkje skremme om trafikkpolitiet skulle banke på ruta. Ein sving. Korleis var det no igjen, dette skal eg klare. Herleg, eg svingar svakt til høgre, svingen går til høgre, eg svingar til høgre i ein høgreving. Harmoni. Nytt rett strekk, ikkje meir svingar no. Slapp av. Ein Ford, bra bilar Ford. Treg Ford, kva er greia med å ligge i 60. Grensa er 55. OK. To hakk ned på autopiloten, hugsar ikkje om bremsepedalen ligg til høgre eller venstre, ligg fint bak Forden no. Fin flyt, treng ikkje køyre forbi. Det kjem ingen bilar i mot, eg køyrer forbi. Kor fort køyrer eg no, alt for fort. Gasspedalen er den til høgre, då er bremsene til venstre. Her kan du ta over, autopilot. Lener meg tilbake igjen, vegen er bein, eg er trøtt, legg setet bak, let igjen augene, nokon andre får styre.
Posted by Picasa

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar