Joda, raud løpar og paparazzi venta då me kom, men det var ein ironisk raud løpar, og ironiske paparazziar. Megahipt, kult og morosamt, med andre ord. Me fekk namneskilt med kjendisar på, Jan blei Bill Murray og eg blei Fred Astaire. Me betalte oss ikkje inn, men donerte ein sum mellom 5 og 20 daler. Foreslått donasjon for ein boks øl var 3. Me donerte ein god del pengar. Filmane var korte, som lova, og stort sett ganske dårlege. Noko var artig, ein god del var pretensiøst og ca eit par av dei 30 filmane var gode. Det heile minna stygt om noko me kunne ha gjort på Media og Kommunikasjon (vidaregåande skule). Etter å ha donert litt for mykje pengar til øldama, fann me ei anna dame som skreiv dikt på sparket. Jan Egil fekk ho til å skrive eit dikt til meg, noko som virka farleg romantisk.
Me hang ut med "filmkunstnerar" som tok seg sjølv ganske så alvorleg, på bakrom med gratis champagne, ost, kjeks og selleri. Etter kvart kåra dei ein vinnar, folk gjekk til andre plassar som tok betalt for øl på gamlemåten, me hang oss på, og så hugsar eg ikkje stort meir, men eg vakna opp med Jesus H. Christ på rompa.
Kan hende kjem det bilete av oss på http://www.threeminutefilmfestivalsf.com/
EXTRAblog:
Bonusquiz: Kva bygg er dette? (Me veit ikkje, så bevis er bra.)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar